Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Vossabia

Tindved og Nesle - regenererande nattkrem 15ml

Vanlig pris 219.00 kr
Vanlig pris Salgspris 219.00 kr
TILBUD Utsolgt
Avgift inkludert.
Ingen annmeldelser
Ein eksklusiv hudbalsam som eg kallar ein ekte BOTANISK BUFFET for huden! Oppsummert inneheld Tindved og Nesle planter som kan bidra til å *redusere rynker og linjer, *gje elsastisitet og fukt, *ved eksem, *pigmentforstyrrelser, *urein hud/kviser, *auke blodsirkulasjon og fremje hudens eigne naturlege reperasjonsprosessar Snakk om salve stappfull av supermat til hud og kropp, med plantar som alle er nøye vald ut til å få vere med i krukka pga deira rike innhald av antioksidantar, vitamin-C, A, og B i tillegg til knallviktige essensielle fettsyrer (omega 3, 6, 9 og den sjeldne omega 7). Dette er næring som trengs for å gje meir elastisitet og fukt til huden, noko som betyr meir fleksibilitet i alle typar vev. Rik pleie med kun det beste frå naturen! Om då sluttresultatet blir ei frisk, glødande og sunn hud som held seg ung lenger, så er det ikkje meg i mot. Alle plantane valt ut til denne nattkremen er kjent for sitt høge næringsinnhald og sine eigenskapar knytt til regenerering av huden (gjenoppbygging, redusere rynker og linjer, cellefornying, ureinheiter mm). Og dette er absolutt mat utanfrå og inn - difor altså ein botanisk buffet. Som alle Vossabiaprodukt. Her handlar det alltid om å gje eit supersunt tillegg til det å ete sunt og «smøre huden innanfrå» med næringsrike matvarer. Med Tindved og Nesle nattkrem (perfekt om natta og super når som helst!) får du dei beste matvarer utanfrå og inn, med blant anna dyrebar økologisk granatepleolje, økologisk olje av nypefrø, økologisk hamp- og tistelolje, og ikkje minst dei knalloransje tindvedbæra. Tindved er med her både som eksklusiv øko-olje av bæra, samt som tinktur av tindved. Tindvedbæra i tinkturen er hausta på en gard i Lærdal og deretter behandla og foredla med ærefrykt i ein lang prosess frå dei heng på dei meget stikkete buskene til tinkturen kjem i krukka. Tinktur har me og laga av fantastisk brennesle frå garden vår, plukka gjennom sommaren som var, og nesle: ein av dei mest næringsrike plantane i norsk flora. Huden tek villig i mot denne botaniske supermatbuffeten, eg digger den for lengst etter lang prøvetid her! Som nattkrem får den verkeleg jobbe med å styrka og næra hudens naturlege prosessar gjennom natta, men eg må innrømme at eg i blant også bruker den på dagen. Det er forresten ikkje berre moden hud som vil elske denne herlege saken, men også ung hud, urein hud, eksemhud og ved andre forstyrrelser i huden. Men, eg digger den også av velværegrunnar, SÅ nydeleg å ha på huden. Tindved og Nesle nattkrem er ganske rødlig/oransje i fargen, og det er pga knallrød nypefrø- og tindvedolje og deira høge innhald av vitamin A (som fremjer danning av kollagen blant anna). Salven er superdryg, og lite trengs om gongen, så du skal ikkje bli klissete eller oransje, då har du alt for mykje på. Men, den gir deg ein skikkeleg nydeleg glød (takk nypefrø og tindved ). Oppdag også den nydelege duften av økologisk rose og rosmarin! Så harmonisk, balanserande og ikkje minst så er desse to også med på å styrke, pleie og gjenoppbygge huden. Les meir om blant anna tindved her på botanikar Rolv Hjelmstad (min superurtelærar) sitt urteleksikon: https://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/hipp_rha.htm Innhald: tistelolje*, nypefrøolje*, granatepleolje*, tindvedolje*, squalane, hampolje*, bivoks, tindvedtinktur**, nesletinktur**, rosmarin antioksidant, eterisk rose de mai-olje*, eteriske rosmarinolje* *frå økologisk landbruk **frå vekster plukka på garden her og omegn