Vossabia
Sjampo med ville urter 250ml
Vanlig pris
230.00 kr
Vanlig pris
Salgspris
230.00 kr
Enhetspris
per
Avgift inkludert.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Vossabia nyttar ville urter frå gardens store mangfald til denne milde, næringsrike og pleiande sjampoen. Me har handplukka og tørka kjerringrokk (min engelske urtelærars absolutte favoritt hår-urt), brennesle (veldig styrkande og rensande plante) og ryllik, som alle er gode urter for hår og hovudbotn: Kjerringrokk kan styrke håret, gjere det meir glansfullt og fjerna øverflødig feitt frå hår og hud. Ryllik stimulerar blodomløpet og er rensande. Nesle renser også håret og kan brukast ved håravfall, flass, eksem, kløe og psoriasis i hovudbotn (mykje tilbakemeldingar på desse plagene). Med jojobaolje, guarbønner og honning saman med urtene får håret beskyttelse og fuktigheit i tillegg.
Sjampoen har, for dei aller fleste, god balsameffekt, så ein treng ikkje ha det i tillegg (den er og veldig dryg i bruk). Det er guarbønner som gir balsameffekten (belgfrukt ofte spist i India), og som beskytter håret og samstundes gjer at det held på fukt og fleksibilitet. Eg opplever elles og at eg treng ikkje vaske håret så ofte som i tida før denne sjampoen. Før vaska eg håret dagleg, no går det fort 3-4 dagar mellom hårvaskene. Eg har sjølv farga mitt grå hår lyst, før farga eg meg mørk slik eg opprinneleg var, og det funker superfint med Vossabias urtesjampo på farga hår.
Urteuttrekket står for hovuddelen og tilsvarar i sluttproduktet ca 70% av sjampoen, og såpestoffa me brukar er (beklagar at det ikkje finst "normale folkelege" navn på desse) Mipa-Laureth Sulphate (så mild anionisk såpemiddel som man får med høgare oljeinnhald enn vanleg) og Cocamidopropyl Betaine (supermildt overflateaktivt såpestoff, laga av kokosolje, godkjent i øko. produksjon). Begge har ein høg grad av biologisk nedbrytbarhet. Desse må ikkje forvekslast med sulfata Sodium Laureth Sulfate (framstilt på svært forureinande måte blant anna) eller Sodium Lauryl Sulfate. Desse fins overhodet ikkje i vår sjampo. Det er heller ikkje nokon parabener i vår sjampo!
La håret ditt bli meir vitalt, glansfullt og sterkt med urter frå Vossabias naturenger!
Nokre kundeomtalar: Marita O: Gratulera med å ha laga verda beste shampo Håret mitt bli ikkje feitt lengre og det luktar nydeleg friskt.
Else S: Shampoen er heilt super! ANBEFALAST Etter berre få vask, er hodebunnen ein heilt ny versjon. utruleg deilig!! Tusen takk Vossabia for gode produkt!
Svanhild W: kjempe fin til følsom hodebunn med flass... kjøpte den til min mann for han har begge di problemene å etter en ukes bruk var flass og kløe borte.
Tordis N: Kjøpte shampoen til Vossabia på Dyrskur'n i september. Veldig fornøyd, frisk og god lukt og har ikke behov for å bruke balsam etterpå.Ann
Kristin V: Elske Vossabia shampoo treng ikkje balsam meir...
Innhald: grunnvatn frå garden, kokt uttrekk av kjerringrokk*, brennesle* og ryllik*, sulfat vegetabilsk råsåpe (Mipa-Laureth Sulphate), sukkertensid (mild sulfat: Cocamidopropyl Betaine), øko jojobaolje, guarmel frå guarbønner, guargummi frå guartreet, øko honning, phytokeratin (vegetarisk protein av soya, mais og kveite), preservative eco (benzyl alcohol, salicylic acid, glycerin, sorbic acid), einerolje.
*= frå ville vekstar på garden
P.S. vil du lese meir om kva som fins i sjampoar og forstå kva som gøymer seg bak dei latinske navna? Her er ei god oppsummering synest eg: https://www.lisaliseblog.com/2011/03/whats-in-shampoo-surfactant-guide.html
