Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Vossabia

Rose- og raudkløverskrubb til ansikt

Vanlig pris 299.00 kr
Vanlig pris Salgspris 299.00 kr
TILBUD Utsolgt
Avgift inkludert.
Luksusskrubb til ansikt og hals med handplukka ville blomar av rynkeroser (Rosa Rugosa) og raudkløver på Voss. Skrubb ansiktet jamnleg med denne 100% naturlege skrubben laga av dei pleiande og næringsrike blomane på raudkløver og rose, malt saman med økologisk rismjøl. Dette gir ein mild, men effektiv skrubb og rens av ansiktshuden, fjernar smuss, forureining og døde hudceller. Skrubb med rose og rødkløver gir huden glød og vitalitet blant anna. Rose aukar sirkulasjon, kraft i huden, er beroligande og dufter himmelsk. Eg skjønar godt at kinesarane har skatta rose som ansiktsurt i uminnelege tider! Raudkløver passar og godt til ansiktspleie, då den er rensande, styrkande og svært næringsrik. Bruk som skrubb ca 2 gonger i veka: ta ein liten mengde pulver (ca 1 ts) i handa eller i eit eggeglass t.d., bland med anten vatn rett i handa, eller med olje, naturell jogurt eller honning. Masser inn i huden med sirkelbevegelsar. Skyll av med lunka vatn. Smør deg så inn med ein næringsrik og god salve for eks. Bruk som dagleg ansiktsrens: ta ca 1 ts (eller mindre) i handa, bland med litt vatn frå springen og vask ansiktet lett med denne deilige grauten av blomar og rismjøl. Skyll. Bruk som ansiktsmaske: Bland ein liten mengde pulver med for eks honning (som renser, nærer og gir fukt til huden), påfør huden og slapp av medan maska får virke i ca 20 min. Vask av ved å skrubbe lett med lunka vatn. Innhald: **roseblomar (Rosa Rugosa), ** raudkløverblomar, * rismjøl, Rose de mai eterisk olje *frå økologisk landbruk ** frå ville vekstar på garden Mengde: 100 ml Haldbarheit: minst 12 mnd